|
Det er snart helg, og med godvær i vente heile helga… Les mer…
Fint bilde av Ingolfen der han er i ferd med å få dei siste brikkane på plass i puslespelet i dag.
Beklager å måtte sei det,men eg var ikkje ein av dei heldige vinnarane i Vikinklotto.Ser det har vært liten aktivitet her på sida ei god stund-det er nok fordi de har sete i spenning over kor mange millionar det vart.No må vi antakeleg til med basar for å finansiere skuta vår. Ein trist beslutning,men slik er livet.Det endar vel opp med ein symjetur på Vikane heile greia:( Håper eg ikkje skuffa dåke alfor mykje no:(:(

Det er lagt ned mykje arbeid av arrangørane og revyartistane for at dei frammøtte skal få ein fantastisk flott kveld.
Vrakklinkers “Med fingjen i Eple”
Lørdag 21. januar kl. 20.00, Stongfjorden Grendahus, 6984 Stongfjorden
Dalsfjorden Spelemannslag og Flekke Ungdomslag arrangerar kurs i Parhalling frå Dalsfjorden.
Kurset går over to dagar, og det vert undervisning ca 4 timar kvar dag, men også ein god matpause.
Fint bilde fra Vikane i dag.
Til høgre i bildet ser vi nokre mystiske skulpturar?
Stemningsfullt bilde av Rivedal i ny drakt!
Barnebarn nr.8! No har vi 4 gutar og 4 jenter.Ynva veg 3336 gr.Kor mange merker PJ? Og 48 cm kor mange alen PJ? (He-he)

  Det blir levande musikk.
Du kan danse eller synge.
Vert du tørst eller svolten, får du både mat og drikke på Dale Kro.
Ta med dansesko og godt humør.
Alle er velkomne til denne fredagsdansen i Dale.
Det skjer første fredag kvar månad på Kroa.
Trekkspelkameratane er Ole Haaland, Andreas Ramstad, Svein Brattelid og Harry Standal.
Har du musikk-ønskje?
Trekkspelkameratane spelar det.
NB. Studentpris kr 10,- Les mer…
Gamle værmerker tilseier at slik været er i dag skal det vere i 9 veker. Regn! Regn! (- vel det kjem no ferdig måka!)
Så er vi inne i eit nytt år med nye utfordringar,håp,glede,forventnigar-kansje sorg,men vi ser framover og berre tiden kan vise.
No vart det eit forferdeleg spetakkel i kveld med skyting over ein skya himmel?
Nytt bilde igjen? No overgår du deg sjølv PJ. Kreativ er du!
lørdag 31. desember 2011 kl 16
Bra! fra en annen
Bra?
GODT NYTTÅR!
Festleg bilde Petter Jonny.!

Takk til alle som Les mer…
Sjette dag jul, 30.desember, vart av en eller anna grunn kalla for Sylvesteraften, – nokon som veit kvifor? Men dagen i dag er faktisk til minne om David. (David og Goliat)
Jau, fordi i morgon på nyttårsafta er dagen til minne om akkurat den hellige Sylvester, pave frå år 314 til 335. Denne paven fekk i oppgave å lede kirka over frå forfølgelsestida til den nye fredsperioden, – stend det i boki. Det er no ei god stund sidan det ja.
Sjette dag jul ja, no var det vanleg at barna gjekk julebukk før i tida. Det var tider å gå julebukk i det! – noko anna enn i dag ja! Vel dei kledde seg ut omtrent Les mer…
Skjønne sola som stig med eit hanesteg for dagen:) Fint bilde!
fredag 30. desember 2011 kl 09
Bra! fra en annen
Bra?
  Julegrisen blir slakta. Illustrasjonsfoto. Lions Fjaler Ei 100 år gamal forteljing frå Sunnfjord, Askvoll.
Kona på garden vil at mannen, han Knut, no må slakte julegrisen. Ho har fora grisen godt. No ser ho fram til å få pølse, blod og innmat. Og så vil ho vende han om i pengar og kjøpe nye både under- og overklede.
Men får ho mannen til å slakte grisen?
Eller er han for blauthjarta?
Men vil sunnfjordingar i dag forstå dette språket?
Og vil dei forstå noko av temaet? Les mer…
RIVEDAL
Følges av 112 medlemmer.
Rivedal – er ei lita, kreativ bygd på nordsida av Dalsfjorden i Sunnfjord, på solsida mellom Dale og Holmedal. Her finn du både gamle og nye Vikingar. Rivedal har sterke band til Island då dette er “Heimhøgum Ingolfs Arnarsonar”. Ingolf Arnarson og Leiv Rodmarsson, to blodsbrødre, reiste herfrå i år 871 +/-2 med folk og buskap til sagaøya Island. Leiv, også kalla “Hjørleiv” (frå Kleppeneset) vart drepen av trælar året etter at dei kom til Island. Ingolf er rekna som den første Landnåmsmannen på Island.
-1124 år seinare i 1995 kom dei to første Islandshestane tilbake til Rivedal. No i 2010 er der så mange Islandshestar i Dalsfjorden at Ingolfur Islandshestlag er skipa.
Rivedal er ei landbruksbygd i vekst. Her finn du beste fiskeelva i Askvoll kommune, her finn du og den einaste lysløypa i Asvoll.
Rivedal Kraftverk stod ferdig i 2005 og leverer straum til halve kommunen når vi har nok vatn. Bygginga av kraftverket realiserte parkering og lett tilkomst til fjellområda mot Stongfjord og Vagstaddalen mot Atlevatnet, Langevatnet og Nipebu, eller om du vil kan du nyte utsikta mot havet frå Heileberget “Fjøla.” Om du ikkje vil høgt til fjells, men vil ha ein tur i lågare terreng, kan vi anbefale ein tur til Eikenesstølen frå Vindheim, eller til Nedgard og Rivedalsstølane. Hyllset bru frå 1903 (rest:2003) ved gamle RV 609 til Grendahuset er verdt å ta ein kikk på om du er i Rivedal. Like ved Grendahuset finn du og Rivedal Galleri.
Sjå og statua av Ingolf Arnarson på “Bjønnshaugen” som er ei nasjonal gåve frå staten Island til Noreg. Statua vart lyssett i 2007, og årlege utgifter med flomlysa er det Rivedalsbygda som dekkar.
“VIN SINUM SKAL MADR VINR VERA” står det skrive på sokkelen til denne statua.
Det står ein bautastein i Rivedal og ein i Kleppeneset reiste av blodsbrødrene før dei drog til Island, og desse er verdt å sjå nærare på.
Det er lange båtbyggings tradisjonar i Dalsfjorden frå langskip til jekter og “Bakkejekta” vart bygd i rivedalsfjæra øst om Ripeneset av Sjur Vindheim i 1750-åra.Frå Ripeneset kan du sjå sør om fjorden til Jensbua ved innseglinga til Flekkefjorden, der kopien av jekta ligg idag.
Rivedal har med si historie opp gjennom århundra fått nokre spøkelseshistorier å dra på som ikkje skal nemnast her, men vil du vite meir om desse må du ta turen til Rivedal.
Rivedalsona er meint som ein “møteplass” for bygdefolket, utflyttere, nabobygdene våre og alle dei som er interesserte i heimtraktene, for på denne måten å kunne følgje med på kva som skjer i og rundt Rivedal og Dalsfjorden. Her finn du og bilder/ bildealbum med både nye og gamle bilder frå bygda og området rundt fjorden.
Denne sona er drifta på privat initiativ, har såleis ikkje støtte frå eller tilhøyrigheit til noko lag eller org.
(-bruk av, eller kopiering av tekst eller bilder frå denne sona – henvisning til åndsverkslova / opphavsrett.)
spørsmål om origo:
No ventar vi på Dalsfjordbrua! – og vegen vidare!
Bygda har og:
Rivedal Bygdelag (registerført i Norges Velforbund, Velnett)
Rivedal Grendahus ( til utleige, nyrestaurert i 2009, eigar: Rivedal Bygdelag)
Rivedal Galleri http://www.rivedalgalleri.no
(Rivedal Galleri har og eiga origo sone.)
Rivedal Kraftverk a/s
Rivedal Vannverk (vannverknr: 142806)
Riva Samdrift (Synnøve og Åsmund)
Rivedal Samdrift (Jan Ruben og Sigmund)
Rivedal er bygda med allt det rare. På Rivedalskletten finn du blant anna Bjørnehiet om du leitar….eller kanskje finn du restane etter ulvehytta på Longevassheia !! Mer om sonen
 RIVEDAL er en sone på Origo. Les mer
“What happens on the Internet, remains on the Internet”

| |