Mobildekning

Etter lang tid med mas, underskriftsaksjon og mykje att og fram ser det ut til att no er det verkeleg vår tur til å få skikkelig mobildekning i bygda. Skorvemarka og Rivedal skal vere ferdig i løpet av 2010.(Telenor)
Sendar i Tv-masta på Rabbane i Rivedal vil forsterke mobilnettet mellom sendarane i Dale og på Olset.
Fjellområda mellom Rivedal og Skorvemarka vil og få betre dekning når desse sendarane kjem i drift.
Vi får håpe at om ikkje lenge så slepp vi å ha mobilen liggande i den der eine vinduskarmen!

Vist 259 ganger. Følges av 5 personer.

Kommentarer

Jippi!!!!!

Ser fram til mobildekning.Kjempe flott!!!

Dette er veldig bra og ikkje eit minutt for tidleg. Noko som turgåarar som meg og turlaga er glade for. At her no blir mobildekning har i høgste grad med tryggleik å gjere. Veit du Petter Jonny forresten kvar sendaren i Skorvemarka skal stå?

Diverre er dette til lita hjelp for Tele2 (Netcom) sine kundar. Dette nettet er særs mangelfult i fjella i Askvoll. Noko dei har stadfesta sjølv på min førespurnad.

Når det gjelder sendaren i Skorvemarka så er eg ikkje sikker Gustav, men Norkring har noko utstyr i ei mast opp for Lerduebana. Dette skal visst vere ein ideell plass har eg høyrt. Eg veit ikkje kven kommunen har som lokal kontaktmann mot Telenor der oppe. Når det gjelder Tele2 (Netcom) så er det det kanskje på tide å spørre om dei og vil plassere utstyr på desse plassane ?

Du kan no få greie på dei hemmeleghaldne sendarane. Sjekk her

Det såg ut til å vere god plass til nokre fleire senderar på det kartet.

Dette blir bra! Så slepper eg å trykke meg opp i kjøkkenglaset kvar gong eg skal sende ein sms! :)

Skal tru korleis det går med mobildekninga,synst vi har venta lenge nok no?

T.T.T – ting tar tid! Avtalen er ferdigstilling i 2010 for Rivedal og Skorvemarka, som eit prosjekt i lag. Det kan nemnast at det er noko som manglar i Skorva enno, (høg nok mast og hytte) samt at vi manglar kr: 400.000,00- i anleggsbidrag – så er der nokon som er utålmodige – og har mykje pengar er det berre å ta kontakt med kommunen.

Ja,at ting tar tid er noke vi veit.Så tenkjer det går langt ut i 2011 og:)

NEI!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Jeg nekter å være pessimist om dette – er NØDT til å tro at vi får den i ÅR! (Helst i går).

Det er enno mykje att av 2010, så om tinga kjem på plass med det første er nok ferdigstillinga innen rekkevidde, – ferdig i 2010 – ihht. avtalen. (begge skal monterast, settast i drift på samme tid.)

No er det ikkje mykje at av 2010,må vi vente til 2011 og er slutt før vi får skikkelig mobildekning,snart er tolmodigheita slutt.

Vi ser nok ikkje fleire streker på mobilen i 2010, – beklageligvis. Var på rådhuset for nokre veker sidan og spurte om stoda! Fekk informasjon om at Telenor iallefall no nett hadde svart på purring av prosjektet. Dei hadde ikkje enno namnet på nokon prosjektleiar, – så dette kan nok ta si tid! Plagsomt heile greia, og tålmodigheita mi er gått ut på dato for lenge sidan når det gjelder dette. (- når dei i tillegg ligg å fikler med linjene til fasttelefonen på veslejulafta og!) Men, som det heiter, du skal få en dag i morra… vi får håpe det ikkje går så mange månadene ut i 2011, – før vi ser nokre fleire streker!!

Takk for informasjoen PJ,Sjønnar at du er lei,går ikkje ann å stole på noken,vi var uten fasttelefon i går formiddag,skikkelig kjedelig når vi ikkje har dekning på mobilen eingong. Får håpe det rettar seg om ikkje altfor lenge.GOD JUL:

God Jul til deg og, Aud!

Eigentleg er det litt rart at Telenor, med fleiresifra millionoverskot kvart år, skal vere avhengige av 400 000 i lokalt tilskot for å gjere den jobben dei har konsesjon på, og byggje ut telefondekning i heile landet. Finst det eit namn på slikt?

I alle fall: God jul til alle i Rivedal, med ønske om eit godt nytt år også, og kanskje mobildekning som ekstra bonus. . .

Det finst eit namn på slikt, ja – men det er nok ikkje eit populært ord i våre dager, ei heller i det offentlige rom! God Jul til deg og, Arnar!

Annonse

Nye bilder