Eikenestunellen II


Det er nok mange som har sett lyset i tunellen, – og i går kunne vi skimte lyset i den østre enden av tunellen på Eikenes. Dei har no strossa ut tunellen til reine fjellhallen samanlikna med det som var før, og det gjenstår no omtrent 100 meter før dei sprenger nytt utløp her på østsida. Sjå godt på bildet over for det er nok det siste av den gamle tunellen, – her frå østsida og vi skimter arbeidslyset. (-klikk på bilda for større bilde.)

- her er vi litt lengre inne i tunellen, frå østsida og vi skal sjå litt nærare på kva som foregikk inne i tunellen. Men først må vi rundt på den andre sida for framfor denne maskina var det bokstaveleg talt ikkje verande.

Sist søndag dreiv dei med sprøyting av betong i eit parti av tunellen, -eit ledd i sikringsarbeidet. Vi er no på vestsida av tunellen, frå den sida som dei driv ifrå og bildet viser ein betongbil som leverer til sprøytebilen. Sprøytetåka seig sakte langs tunelltaket og det gav eit trollsk bilde som er vanskeleg å gjengi med bilder. Heftig støynivå var det og.

-sprøytebetong under høgtrykk mot tak og vegger. De ser sikringsboltane som her og er ferdig “gysa”, det vil seie at i tillegg til klo i enden er det innsprøyta ekspanderande masse for å halde dei på plass.

- ein betongbil leverer betong til sprøytebilen.

- han sitter godt beskytta operatøren inne i buret sitt, der han fjernstyrer sprøytelansen.

- tankbilsjåføren følger nøye med att det kjem passe med betong til matekassa, ikkje for mykje og ikkje for lite, – då vert det “luft” i systemet.

- her ser vi litt av dimensjonen den “nye” tunellen har fått! (- bakerst skimter vi den gamle.)

- han hadde vindusvisker på ruta, og det trong han for det var eit frykteleg “fok” rundt om kring. Det gjekk nesten gale med objektivlinsa og!

- her ser vi armeringa, det ser ut som spiker men er av glasfiber.
Det skjer mykje langs fjorden i desse dager.

Vist 674 ganger. Følges av 9 personer.

Kommentarer

Veldig bra smakebit Petter-Jonny,venter spent på neste episode-følgetongen er på langt nær slutt enda.Og på ekte amerikansk vis må vi ha ein “happy ending”

Takker for det Inger! – vi må vel få til en “happy ending” – vi har jo litt tid på oss før dei er ferdige med resten av anlegget, og så kjem jo brua!

Dette var ein bra oppdatering Petter Jonny, ser fram til neste .

Interessant og stilige bilder P.J. Flott dokumentasjon. Imponert kva du kan om dette arbeidet.

Her er eit bilde av Eikenes og Rivedal frå Driveknolten på lørdag. Ein ser nokre av anleggsmaskinene utanfor tunnelen.

Takker for det, og takk for eit flott bilde i “fugleperspektiv”, – Gustav. Den største kvite flekken nærast tunellen er rubbhallen som de og ser frå ferja eller frå sørsida av fjorden. Når det gjelder bilda i tunellen så var dei tekne i eit klima som egentleg ikkje er forsvarleg å utsette fotoutstyr for, men det er ikkje er ofte at slikt skjer her i fjorden, – så då måtte ein berre prøve å vise folk korleis slikt føregår etter dagens måte og drive sikringsarbeid på.

Ja fotoapparatet var i grunn det første eg tenkte på…men bilda vart skikkeleg tøffe!

- vel når det gjelder linser og glass, så kikk litt på denne frontruta, – antar at det her går med nokre liter med spylervæske i timen!

Siste status frå i dag er at dei er komne til eit parti med litt betre fjell, noko som hjelper på framdrifta, to salver idag og eit håp om minst like mange i natt, – kanskje er dei ved munningen over helga?

Høyrer du smella frå Rivedal…? Er ikkje det slitsomt..? Eller kanskje det minner om 17.mai i staden…:-)

17. mai – heile året! Nei, eg høyrer ikkje alle smella, men nokre av dei, av og til er det meir rystelser som på eit begynnende jordskjelv. Når 60 til 80 serietennere går av på rundt 2 sekunder vert det litt annleis enn 17. mai salutten. Folk i Dale og dei som bur på sørsida merkar nok saluttane mest vil eg tru!

Dette var bra Petter J. Interesant dokumentasjon på tunneldriveing i 2010.

Flotte bilde og informativ utgreiing, Petter Jonny. Ser fram til neste “kapitel”.

Takk for kommentarer og braer! Eg nemnde tidlegare at dei var komt til eit parti med betre fjell, men det skifter fort nesten meter for meter, sist natt med dårleg fjell – gjennomslag på strossen med sleppe i fjellet og dei er no komt til det partiet med vatn i fjellgrunnen, vatnet renn i borehola. Det er kaldt ute, og der frys vatnet som dei er avhengige av å bruke under boringa. For å halde hjula igang på anlegget får dei hente vatn med tankbil ved kraftverket. Så spørst det kor langvarig denne kuldeperioden vert.

Flott dokumenteringsarbeid du gjer her Petter Jonny! Du har nok mange lesarar. Veldig kjekt å kunne følgje arbeidet her i frå “byn” :)

Takk for det, Sondre! Må nesten vise at her skjer noko, slik at dei som bur i by`n kanskje snart kjem heimatt??

…dette er bra – alt sammen!! Ser ut som at du har hengt deg i lause lufta for å ta dette bilde frå Driveknolten!!

Annonse

Nye bilder