| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt (lørdag 4. februar). Les mer om roperten… Rivedal i vinterdraktmed oppstigning frå Oslandsbotnen og Svelivatnet i dag.
Vist 82 ganger. Følges av 3 personer. | ||
Kommentarer
Ble inspirert av flotte bilder og musikk, Gustav! Der dere tok turen var det helt spektakulært. Jeg var også i fjellet mellom Årdal og Lysefjord i dag i 10 minus,blålys og frisk bris! Gikk opp til ca 600 m.o.h. på langrennsski-to timer-helmaks det også! Tok noen fine bilder mellom Lyngsheia og i Årdal!
Neste tur starter i morgen tidlig:)
Alltid like kjekt å sjå desse “toppbildene” dine Gustav! – og så med musikk! Ser du kler deg godt frå topp til tå, noko som sikkert trengst i høgdene ja. Kaldt der oppe i sørøsten i dag?
Takk Simen og Petter Jonny og andre som har trykt bra på snutten frå Røyrbotnholten.
Det er vel ikkje å legge skjul på at det krevst litt utstyr for å komme seg opp i fjellet her ute ved kysten om dagen. Eg tenkjer ofte på kor omskifteleg årstidene er. Om nokre månader kan eg springe på same fjellet med joggesko og shorts (du ser nok bilen min då Petter Jonny…). I går brukte eg både trugar og stegjern for å komme meg opp. I tillegg til ekstra klede, huer, vottar etc.
Det låg “lassevis” med snø på nordsida. Spesielt frå Botnastølen til Svelia. Og så var det henget frå Svelivatnet og opp der det låg 15 cm nysnø med is under. I dei vest- og sørvende hellingane oppe mot toppen, var det berre is og knallhard skare med nysnø i fjellgropene. Nysnø som gjekk meg til livet enkelte plassar… I går hadde eg ikkje teke sjansen på å nå toppen utan gode stegjern. Nokre minusgrader kombinert med kuling gjorde det ikkje akkurat til nokon verandes plass å nyte maten, men eg gav no meg tida til å lage snutten før hendene vart blå…:-)
På vedlagde link ligg det bilder frå turen. Men slik lyset var i går, blindeføre og kvitt, var det komplett umogeleg å få gode bilder…
Rekna med at du no etter alle desse turane hadde funne bruk i både stegjern og truger ja. Om og når det no er meldt vind og skiftande temperaturar så legg nok fonnene seg og på litt merkelege plassar. Har sagt det før og seier det igjen, vær no forsiktig der oppe åleine i fjellet og pass deg for snøskavlane og fonnene. Men, du brenn nokre kaloriar på desse turane no midtvinters vil eg tru og har nok ei spesiell oppleving der oppe i høgdene same kor været er. Set stor pris på bilda dine frå desse turane, dei viser ikkje berre oss som kjenner fjella her men og alle dei andre som kikkar inn på desse sonene kva natur vestlandet kan by på både sommar og vinter.
Takk for det P.J.
Alle har nok lyst å utfordre seg sjølv på ein eller annan måte. Midtvinters er desse turane klart meir utfordrande enn sommarsdagen ja. Påske er det ikkje akkurat heller endå…. Ein viss porsjon vit må ein uansett ha med seg. Erfaring får ein nok òg.
Eit apropos med turen i går, er mobildekninga på denne sida av fjellet. Det er eit punkt med dekning på nordsida av Svelivatnet mot Botnastølen, og eitt ved stasjonen midt på vatnet. I tillegg på toppen av Brekka mot Oslandsbotnen. Elles er Svelia totalt utan dekning. Dette vil vel ikkje kome seg ved den nye Rivedalssendaren heller. Slike faktorar er alltid greitt å ha med seg. Spesielt på denne tid av året… Litt galgenhumoristisk seier eg likevel at eg heller vil stryke med med fjellskorna på, enn å ròtne vekk i ei seng…:-)
Vel, no veit eg ikkje om du søv med fjellskoa på, slik som Cowboyane sov og` bada med sine boots? – men eg skjønar poenget, det ville nok og blitt nokre heftige diskusjonar om fjellsko med stegjern på “heimen” ja! Når det gjeld mobildekninga er eg like usikker som deg når det gjeld fjellheimen mellom Stongfjord – Rivedal og Skorvemarka, det må nesten prøvast når desse sendarane i Skorva og Rivedal kjem i drift no på vårparten, mars?
Effekten av desse sendarane er litt avhengig av sendeeffekt og topografien i området. Dei bøyer lite av desse radiosignala til dagens mobilnett og kan ikkje sammenlignast med til dømes anna signal som den gamle mellombølga. Du hugsar antennetråden og susen når en lytta til “Luxemburg” før. Dekninga oppe i fjellet vil truleg avhenge sterkt av utstyret, type mobil som en brukar og kor godt tuna antenna er på denne. God tur Gustav, og “kjøyr” forsiktig!
Takk for det!
Eg skifta iallefall frå Tele2 til Telenor då førstnemnde gjekk over frå Telenor til Netcom sitt nett for eit par, tre år sidan. Netcom-nettet er ubrukeleg mange plassar i fjellet i Askvoll.
Det er nok Telenor sitt nett en kjem lengst med her ute i “villmarka” ja. Når det er oppe og går då.